Politiet på Vestlandet er uroa for manglande beredskap mot sabotasje
Politiet på Vestlandet åtvarar om at dei har for låg kapasitet til å avdekkje og førebyggje sabotasje og framand etterretning. Området har svært mange potensielle mål, mellom anna olje- og gassanlegg, kraftverk, hamner og annan kritisk infrastruktur.
Det skriv NRK.
– Me har ein unik konsentrasjon av verdiar med sivil og militær infrastruktur. Det gir oss ei utfordring langt utanfor vårt politidistrikt, dersom det «bles opp» her, seier politimeister Ane Kvaal til NRK.
Ho peikar på at politiet har fått fleire og meir krevjande tryggingsoppgåver utan tilsvarande auke i ressursane. Det gjer det vanskelegare å patruljera og kontrollera viktige anlegg.
Blant dei moglege måla er Mongstad-raffineriet, gassanlegget på Kollsnes, oljeterminalen på Sture og marinebasen Haakonsvern.
Samstundes åtvarar Politiets tryggingsteneste (PST) om at Russland kartlegg sårbarheiter i norsk infrastruktur som kan utnyttast i ein framtidig konflikt.
Sabotasje og spionasje kan ramme på mange ulike måtar, blant anna gjennom digitale angrep og ved å samla informasjon frå vanlege folk.
Politiet understrekar at folk ikkje treng å vera redde, men oppmodar alle om å vera merksame på mistenkjeleg aktivitet. (©NPK)