Noregs Bank held styringsrenta uendra

Styringsrenta blir halden uendra på 4,5 prosent. Det er i tråd med kva som var venta på førehand.

Publisert Sist oppdatert

– Prisveksten er for høg. Truleg vil det vere behov for å halde renta oppe ei tid framover, og vi er førebudde på å setje renta opp dersom det skulle bli nødvendig for å få inflasjonen tilbake til målet innan rimeleg tid, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Fleire sjeføkonomar spådde på førehand uendra rente denne gongen. I september blei ho sett opp med 0,25 prosentpoeng for å få bukt med inflasjonen, som har lege over målet på 2 prosent over tid.

Neste renteavgjerd kjem 17. desember. Då publiserer Noregs Bank også ny pengepolitisk rapport, der dei anslår rentebana framover. (©NPK)

Powered by Labrador CMS