Ein av aksjonistane blir boren bort av politiet. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom/NTB/NPK.

Politiet fjerna NU-aksjonistar ved Førdefjorden

Sju aksjonistar vart onsdag fjerna av politiet etter at Natur og Ungdom prøvde å stanse anleggsarbeidet for eit gruveprosjekt ved Førdefjorden.

– Vi har heile vegen vore klar over at politiet kan bli tilkalla, og at vi risikerer store bøter for å stanse oppstarten av dette miljøfiendtlege gruveprosjektet. Men det er verd det, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom (NU), i ei pressemelding.

Ifølgje Bergens Tidende kom politiet til staden rundt klokka 9.30 onsdag, og ved 10-tida vart dei første aksjonistane tekne hand om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ytringsfridom

Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane, fortel at dei har lagt vekt på ytringsfridommen til demonstrantane, men at politiet no måtte fjerne dei frå anleggsmaskinene.

– No har det vore null anleggsarbeid i snart ei veke, og det er grenser for kor lenge ein kan hindre arbeidet, seier Johannessen til BT.

NU-leiaren varslar at aksjonane ikkje er over.

– Når politiet har fjerna dei første aksjonistane, strøymer nye til, seier Gina Gylver.

Utvinning av rutil og granat

Nordic Mining har fått konsesjon til å deponere 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Gruveselskapet starta måndag å rive hus der industrianlegget skal byggjast. Driftsløyvet til gruveselskapet er klaga på til Nærings- og fiskeridepartementet.

Selskapet ønskjer å vinne ut minerala rutil og granat. Rutil blir brukt til å framstille titanoksid, som blir brukt som kvitt fargepigment i mellom anna måling, tannkrem og iskrem. (©NPK)