Illustrasjonsfoto frå ein musikal elevar ved musikk, dans og drama på Firda vgs tidlegare har sett opp.

Drep kulturen i bygda - nokre ting er verdt meir enn pengar

Vi alle har noko vi brenn for. For oss er dette dans og drama. Samstundes er det no foreslått å legge ned dans- og dramalinja ved Firda vidaregåande skule, sjølvsagt for å spare pengar. Men vi vil fortelje dykk noko, kjære politikarar; nokre ting er verdt meir enn pengar!

Dersom desse to linjene blir nedlagde, vil dette få store konsekvensar. For på Firda har vi eit samfunn med trivsel der linjene utfyller kvarandre, og vi treng dei alle for å lage det gode miljøet vi har. Mange ungdommar har funne sin plass på Firda, funne ut kven dei er og fått mogelegheita til å møte andre med same lidenskap. Dersom Firda sine musikk-, dans- og dramalinjer ikkje var nødvendige, hadde det ikkje vore elevar frå heile Vestland som kom hit til Sandane for å lære og vere ein del av noko større. Sjølv fleire elevar frå Bergen har valt å flytte hit. Dette er fordi det som vi har på Firda er heilt unikt. Noko som sjølvaste Dronning Sonja kan seie seg einig i då ho i 2017 gav «skuleprisen» til skulen vår, ein pris som blir gitt annakvart år til ein skule som har utmerka seg ved inkludering og likeverd. Men skulen vår kjem aldri til å bli den same dersom politikarane no vil fjerne to av dei mest kreative og uttrykksfulle linjene vi har.

Akkurat no er Firda vgs den einaste skulen i heile Vestland som har musikk, dans og drama samla. Dette gjev oss ei sjeldan mogelegheit til å jobbe på tvers av faga, få heilt forskjellige perspektiv og inspirere kvarandre. For kva med musikalen og haustfesten? Kva med alle klasseromma våre som blir ståande tomme? Kva med alle lærarane våre som mistar jobben sin og blir nøydde til å flytte? Kva med kultursalen, dans- og dramasalane, for ikkje å snakke om den nye aulaen og dramasalen de no har brukt 50 millionar på å pusse opp? Skal de berre gje det opp?

De seier det er ungdommen som skal redde framtida, at det er vi som har framtida i våre hender, men ved å legge ned dans- og dramalinja drep de kulturen vår. For det politikarane foreslår no er å legge ned einaste skuletilbodet med dans og drama med ein avstand på nesten 300 km. Einaste andre alternativ for desse linjene er Bergen. Kan de verkeleg meine at ein 16-åring frå eit lite distrikt blir nøydd til å flytte fem/seks timar frå familien sin, inn til ein by med nesten 300 000 innbyggarar for å få lov til å drive med det dei elskar?

Politikarane gjer det vanskeleg å behalde kunsten og kulturen på landsbygda, for det er ikkje rettferdig at berre dei som bur i store byar skal få følgje draumen sin. For det er sånn det er blitt. Alarmar brøler i våre mindre samfunn om at fråflytting forminskar populasjonen, og de med makta til å endre på det vel å ta vekk våre grunnar for å bli. Dette er starten på slutten av Noreg som eit land der folk bur i langstrakte dalar og små bygder. Sentraliseringa tar overhand, og politikarane bidrar no steg for steg mot eit land med falleferdige bygningar, tomme hus og overbefolka byar. Er det sånn de vil at framtida skal sjå ut?

Ikkje ta kulturen og kreativiteten ut av bygdene!

Alle dei 22 elevane i 2. dans/drama ved Firda vidaregåande skule

Powered by Labrador CMS