Person frakta til sjukehus med luftambulanse etter arbeidsulykke
Ein person er skadd etter ei fallulykke på jobb i Kinn kommune. Personen er frakta til sjukehus for vidare undersøkingar, ifølgje politiet.
Den skadde personen skal ha falle omtrent 3 meter, skriv operasjonsleiar Jan Børge Misje i Vest politidistrikt i politiloggen.
Tilsette ved bedrifta køyrde personen til legevakta, før vedkommande blei send vidare til sjukehus i luftambulanse.
Annonse
– Ulykka verkar meir alvorleg enn innleiingsvis antatt, opplyser Misje.
Den skadde personen var vaken og medviten etter fallet.
Ulykka blei først meld klokka 08:05. (©NPK)