Lite småfuglar å sjå i vinter
Her i Åsen er det lite av både kjøtmeis og blåmeis. Etter det eg kunne sjå i sommar, låg det igjen ein del døde ungar i reira til desse. Litt for lite mat, reknar eg med.
Ein flokk stillits, ny fugl i Gloppen, som har vore her dei siste 10 åra, har eg ikkje sett i vinter. Gråsisik, bjørkefink og grønsisik kan kome hit, i store mengder, enkelte år, for så å vere borte i fleire år. I vinter finn dei nok frø og mat andre stadar enn i Gloppen.
Siste innrykket av grønfink, såg eg i 2018. Då hadde eg store mengder på fôringsbrettet. Etter det vart mange borte pga sjukdom.
Sidensvans har nesten ikkje vist seg i Gloppen i år. Lite rognebær og hekkbær som trasta åt opp.
Bokfink, munk og raudstrupe blir rekna som trekkfuglar. Dei få som har prøvt å overvintre, har kanskje bukka under pga kulden. Både munk og raudstrupe var her tidleg i vinter, men er borte no.
Elles slit vel gulspurven generelt (raudlista). Moderne landbruk, mangel på hekkeplasar, er vel litt av grunnen.
Gråspurven og pilfinken greier seg godt her i Åsen, men gråspurven har problem på landsbasis.
Gjerdesmetten er svært utsett i slike kuldeperiodar, så det vert spennande å sjå om han dukkar opp til våren.
Kjekt å sjå at fuglekongen var på leiting etter mat for nokre veker sidan.