Det skal vere trygt å bu i Nordfjord

Det siste halve året har sjukehussaka i Helse Førde prega kvardagen for mange av oss. Lærdal har vore sterkast råka av framlegga til kutt, men også i Nordfjord har vi fått kjenne presset – ikkje minst når ein hugsar at vi sist gong miste ortopedisk avdeling og fekk eit framtidsretta lokalsjukehus som kompensasjon.

Sjølv om tidene endrar seg, tek vi med oss viktige erfaringar frå førre runde. Den viktigaste er dette: Dialog og samarbeid verkar.

Det har gitt resultat.

Vi har redda God Start, og vi har sikra dei 60 operasjonsdøgera som Helse Vest la til Nordfjord då ortopedien vart lagt ned. To av tre mål er alt nådde. No arbeider vi målretta vidare for ei robust og framtidsretta løysing for Skadepoliklinikken, og for å utvikle sjukehuset vårt vidare inn i framtida.

Kompetansen må vere rett

Tilgangen på fagleg kompetanse er avgjerande for ei god skadepoliklinikk. Turnuslegar ( LIS1-legar) er dyktige, grundige og viktige for sjukehusa våre, men dei har ikkje den spesialiserte kompetansen som ein erfaren ortoped har. Det er ikkje økonomisk lønsamt å erstatte ortopedar med turnuslegar (LIS1), og pasienttryggleiken vert heller ikkje styrkt av det.

Dette har vi formidla tydeleg – både til statsråden og til Helse Førde. Fagmiljøa, dei tillitsvalde og kommunane står samla om dette synet, og vi opplever at vi vert lytta til. Det gjev styrke. Difor er vi trygge på at vi kjem i mål med ei betre løysing enn det som først vart skissert. Dialogen held fram.

Vi har eit sterkt Nordfjord sjukehus

Det er viktig å løfte blikket: Indremedisinsk avdeling er hjartet i Nordfjord sjukehus og det viktigaste tilbodet for innbyggarane. Dei fleste akutte tilstandane i livet er indremedisinske – ikkje kirurgiske. Her har vi kompetanse, kapasitet og eit tilbod som reddar liv kvar einaste dag.

I tillegg har vi solide polikliniske tenester – frå radiologi til hud og mykje meir – som mange i regionen er heilt avhengige av.

Vidare utvikling – ikkje nedbygging

Vi har også store moglegheiter framover. Med ei aldrande befolkning og rekrutteringsutfordringar må vi tenkje nytt. Eit styrka og meir moderne poliklinisk tilbod vil nå endå fleire av innbyggarane våre.

Helse Førde har alt opna for avtalespesialistar i tett tilknyting til sjukehuset. Vi har utfordra dei på kva slags fellestenester slike spesialistar kan få – laboratorium, merkantile tenester og meir – og vi ventar no på grundige svar. Dette kan bli eit viktig tilskot til heilskapleg beredskap og fagmiljø.

Eit godt og trygt lokalsjukehus er avhengig av eit sterkt sentralsjukehus

Førde Sentralsjukehus har tre funksjonar. Det er lokalsjukehus for Sunnfjord og Hafs, og det er Sentralsjukehus for samtlege innbyggarar i tidlegare Sogn og Fjordane. I tillegg er det ein premissleverandør for sjukepleieutdanninga og den desentraliserte legeutdanninga Vestlandslegen. Å bygge ned sentralsjukehuset vil såleis føre med seg virkningar som vil påverke heile det gamle fylket langt inn i framtida. Vi veit vi manglar både legekompetanse og sjukepleiekompetanse - å rokke ved tilgangen på desse vil vere særdeles øydeleggande inn i ei tid der vi veit vi får fleire eldre og ferre yrkesutøverar. Kampen om kompetanse i distrikta må ikkje øydeleggast, og vi treng eit sterkt sentralsjukehus i tillegg til gode og trygge lokalsjukehus

Gode innbyggarar

Situasjonen er ikkje håplaust. Tvert imot: det finst gode løysingar, og viljen til samarbeid er sterkare enn på lenge.

Nordfjord står samla, og vi gir oss ikkje før vi har ei berekraftig og trygg helseteneste for framtida.

Det skal vere trygt å bu i Nordfjord – også i åra som kjem.

Judith Kvåle – ordførar Stad kommune

Bengt Solheim-Olsen – ordførar Kinn kommune

Per Kjøllesdal – ordførar Stryn kommune

Arnar Kvernevik – ordførar Gloppen kommune

Anne Kristin Førde – ordførar Bremanger kommune

Powered by Labrador CMS