Kjersti Toppe.

Sjukehustilbodet i Sogn og Nordfjord vert redusert, MDG!

Marius Dalin og Miljøpartiet Dei Grøne har bestemt seg for å stemme saman med Arbeidarpartiet og Høgre i saka om sjukehuskutt i Helse Førde. Dei vil stemme mot forslaget frå Senterpartiet om å vidareføre ortopedien ved Lærdal og skadepoliklinikkane ved Lærdal og på Nordfjordeid slik dei er i dag. MDG stemde òg i fjor haust saman med Ap og H, og mot Sp sitt framlegg om å stanse kuttforslaga i Helse Førde. I staden vedtok desse partia at det skulle sikrast minst like gode faglege tilbod som i dag ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Erling Sande.

Spørsmålet til Dalin er difor: meiner du og MDG at tilbodet blir minst like godt når ein reduserer det? Blir det eit minst like godt fagleg tilbod i Lærdal om ortopedien blir avvikla og førti årsverk forsvinn? Folk trudde kanskje at de meinte det de fekk vedteke på Stortinget i fjor. Eller held MDG, Høgre og Arbeidarpartiet folk for narr?

Dalin brukar mykje plass i innlegget sitt på å framheve at han er kirurg og lege, og at han kjenner Helse Førde godt. Han framstiller det som om dette er faglege omstillingar, og at det å stanse kutta på Nordfjordeid og i Lærdal vil gå ut over pasientane. Som lege set han liv og helse først, står det til og med. Han kunne latt legeargumentet vere. Ingen har foreslått at kutta skal takast i Førde i staden – og det veit Dalin svært godt. Å true med at pasienttryggleiken blir svekka, er eit oppdikta argument.

Dette handlar no om politikk. Det er økonomiske, ikkje faglege, omstillingar som skal skje. Og det kan Dalin gjere noko med – om han vil. No er han stortingsrepresentant, og partiet hans ligg på vippen i denne saka. Det er ei stor bør å bere, for dette handlar om mykje meir enn helsevesenet. Ei avvikling av ortopedien vil få store konsekvensar for kommunar, næringsliv og rekruttering i indre Sogn. Beredskapen blir svekka – ironisk nok i sjølvaste totalberedskapsåret 2026. Ei hjørnesteinsbedrift blir lagt ned. 40 statlege kompetansearbeidsplassar forsvinn.

Dalin og MDG meiner at Senterpartiet sitt forslag var umogleg å stemme for fordi det ikkje var finansiering med. Det stemmer ikkje. Senterpartiet foreslo 1,2 milliardar kroner meir til sjukehus i vårt alternative budsjett, og fekk forhandla inn 500 millionar kroner. At MDG ikkje prioriterte sjukehusøkonomi i sitt alternative budsjett, viser kvar dei står i kampen for sjukehusa våre. Men på grunn av Senterpartiet fekk sjukehusa altså auka finansiering i 2026 – langt over det nivået MDG la opp til i sitt budsjett.

På eit sjukehusbudsjett på nesten 250 milliardar kroner er 25 millionar kroner – 0,01 prosent – for å berge ortopedien sjølvsagt mogleg å finne. Det står ikkje på pengar, men på vilje. Og når Dalin skriv at regjeringa ikkje vil kome med pengar, bør han vite at det ikkje er regjeringa som løyver pengar, men Stortinget. Miljøpartiet Dei Grøne kom over sperregrensa, er med på å danne fleirtalet som vedtek statsbudsjettet, og er ein del av det parlamentariske grunnlaget for regjeringa. MDG har alle moglegheiter i denne saka, men brukar dei ikkje.

Det er synd at Miljøpartiet Dei Grøne ikkje ville kome Senterpartiet i møte. Vi sto klare til å endre formuleringar om dei ønskte presiseringar. Alle forslag kan endrast fram til dagen saka skal behandlast, neste tysdag. MDG kunne òg fremje sitt eige forslag – det har dei full rett til. Men nei, MDG går nok ein gong saman med Ap og Høgre om sentralisering av helsetenester. Denne gongen i Sogn og Fjordane. For ein månad sidan var det MDG sine stemmer som avgjorde at distriktspsykiatrisk senter i Seljord blei lagt ned.

Til MDG, Høgre og Arbeidarpartiet: Det er lov å ombestemme seg. Høyr på legane som sto fram på seminaret i Lærdal den 16. februar, og som fortalde kor viktig ortopedien i Lærdal og sjukehuset er for både kommunehelsetenesta og beredskapen, Høyr på ordførarane og pasientane. Og alle dei andre kloke røystene i Nordfjord og Sogn. Det vil mangle éi stemme i Stortinget for fleirtal til Senterpartiet sitt framlegg. Vi oppmodar alle til ikkje å gje opp kampen før siste ord er sagt og siste stemme er talt.

Erling Sande, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane (Senterpartiet)

Kjersti Toppe, leiar for Stortinget sin helsekomité (Senterpartiet)

Powered by Labrador CMS