Bil med fire køyrde i fjellvegg

Klokka 03:18 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein bil med fire personar hadde køyrd i fjellveggen ved Kvernbergvika, Førdefjordvegen.

Publisert Sist oppdatert

Bilen skal ha rulla rundt og inn i ein fjellvegg. 

- Alle involverte seier seg uskada. Naudetatane på staden, skreiv Vest politidistrikt på politiloggen kl. 03:42.

    Kl. 04:35 blei det opplyst at dei involverte var tekne med til legevakt, at bilen var berga, og at det blir oppretta sak. 

    Førar fekk førarkorkortet sitt mellombels kverrsett.

Powered by Labrador CMS