Volodymyr Reva gjekk framme i fakkeltoget med eit stort ukrainsk flagg under markeringa på Sandane for to år sidan. Arkivfoto.

Arrangerer fakkeltog for Ukraina

Tysdag 24. februar er det fire år sidan Russland starta sin brutale og ulovlege fullskalainvasjon av Ukraina. 

Det har vore fire år med liding, øydelegging og kamp – men òg fire år med ukrainsk motstandskraft, europeisk samhald og forsvar for dei verdiane vi set høgast: fridom, demokrati og nasjonal suverenitet.

Tysdag kveld blir dette markert med fakkeltog frå STIL-stova til Heradsplassen på Sandane. På Heradsplassen blir det appell og innslag av ukrainar. 

Den ukrainske nasjonalsangen skal syngast, og det blir eitt minutt stillheit for ofra for Russland sitt angrep. 

Arrangørar for tilskipinga er dei politiske partia og ei rekkje lag og organisasjonar i Gloppen. 

Powered by Labrador CMS