Stortingsrepresentant Erling Sande

Stortinget stoppar Arbeiderpartiet sitt framlegg om å redusere flytilbodet

Publisert Sist oppdatert

Alle parti på Stortinget, utanom Arbeiderpartiet, vil stoppe Arbeiderparti-regjeringa sitt forslag om å bygge ned flyrutene på lokalflyplassane.

– Vi har hatt som utgangspunkt å lage eit forslag som kunne få eit breitt fleirtal, og det har vi klart, seier Erling Sande i Senterpartiet, som har vore sentral i arbeidet.

Samtlege andre stortingsparti går i dag saman mot Arbeiderpartiet, og fremjar eit felles framlegg i Stortinget. 

I framlegget krev fleirtalet at regjeringa skal utforme eit nytt anbod for flyrutekjøp som opprettheld tilbodet på lokalflyplassane i Sogn og Fjordane og andre tilsvarande mindre lufthamner. Forslaget kjem etter at Arbeiderparti-regjeringa foreslo ein sterk reduksjon i flytilbodet og dyrare billettprisar for folk i distrikta.

– Vi i Senterpartiet viser ofte til at flytilbodet er avgjerande viktig for oss i dei delane av landet der staten ikkje brukar store midlar på jernbane, t-bane og trikk. Det er ein viktig del av kollektivtilbodet vårt – og avgjerande viktig både for folk og næringsliv. Skal vi sikre busetting og verdiskaping i heile landet så må transportpolitikken handle om meir enn stadig billigare månadskort i Oslo sitt kollektivsystem, seier Sande med klar adresse til Arbeiderpartiet.

Han har tidlegare kritisert Arbeiderpartiet for å vere svært Oslo-orientert og meiner han no har fått sterkare bevis på dette.

– Det må vere ein kraftig vekkar for Arbeiderpartiet på Vestlandet når samtleg andre parti no framstår som meir vestlandsvenlege enn Arbeiderpartiet, seier Erling Sande

Powered by Labrador CMS