Maren Hjelmeset Kirkeeide i aksjon på 15 km skiskyting onsdag. Foto: Heiko Junge/NTB.

Maren skaut seg vekk

Maren Hjelmeset Kirkeeide hadde ingen stor dag då skiskyttarkvinnene gjekk 15 km i OL onsdag. 

Publisert Sist oppdatert

Nordfjordingen bomma to gongar på første liggande skyting, éin gong på første ståande og andre liggande serie, før ho avslutta med éin bom òg på den avsluttande ståande serien. 

Etter fem tilleggsminutt enda ho til slutt på 49.-plass i Anterselva, 5:02 bak gullvinnaren.

- Det blir for mange bom, det er kjedeleg. Det var litt for dårleg på alt, sa Maren til NRK etter målgang. 

Franske Julia Simon (eitt bomskot) blei olympisk meister, med Lou Jeanmonnot (to bom), også frå Frankrike, på andreplass. 

Laurdag og søndag er det nye sjansar for Maren Hjelmeset Kirkeeide og dei andre norske skiskyttarane, då er det sprint og jaktstart som står på programmet. 

Powered by Labrador CMS