Vil ha eiga politiutdanning på Vestlandet
Vestland fylkesting ønskjer eit eige desentralisert politiutdanningstilbod for å møte utfordringane med rekruttering av politifolk i regionen.
Det skriv NRK.
Fylket peikar på prøveordninga i Alta som eit døme på korleis fleire kan utdanne seg nær heimstaden. Regjeringa vil likevel vente på evalueringa av Alta-ordninga før dei tek stilling til nye studiestader.
Politiets Fellesforbund meiner det er behov for fleire studieplassar og sterkare rekruttering, særleg til distrikta. Høgskulen på Vestlandet har meldt seg klar til å vere vertskap for ei eventuell utdanning og meiner regionen treng fleire politifolk for å sikre beredskap og lokal kunnskap.
– Det vil vere eit stort behov for å både rekruttere, utvikle og behalde polititilsette i åra som kjem. Politiets samfunnsoppdrag blir stadig meir omfattande og komplekst, og det vil krevje auka kapasitet framover, seier nestleiar i Politiets Fellesforbund, Roar Fosse, til NRK.
Alta-ordninga skal etter planen evaluerast i 2028.
(©NPK)