Vestland fylke seier nei til marint vern av Sognefjorden
Vestland fylkeskommune rår frå å verne Sognefjorden som marint verneområde. Fylkesutvalet meiner det heller bør satsast på konkrete miljøtiltak for å betre tilstanden i fjorden.
– Vi meiner at planen for eit marint vern av Sognefjorden blir eit altfor inngripande tiltak i det lokale sjølvstyret. Vi ønskjer heller ei aktiv tilnærming til det å jobbe for ein friskare fjord gjennom dei strenge lovreguleringane som allereie gjeld, seier fylkesordføraren Jon Askeland i ei pressemelding.
Forslaget om marint vern omfattar rundt 1003 kvadratkilometer sjøareal i ti kommunar. Målet er å ta vare på dei særeigne geologiske kvalitetane og det biologiske mangfaldet i Sognefjorden.
Fylkesutvalet meiner det manglar kunnskap om kva konsekvensar eit vern vil få for næringsliv, arbeidsplassar og busetjing. Dei etterlyser derfor ei grundigare analyse av samfunns- og næringskonsekvensane før saka blir behandla vidare.
Fylkesutvalet behandla saka 22. oktober. Høyringa om verneforslaget er open til 1. november. (©NPK)