Folkehøgskulen skal vere for alle
Eit år på folkehøgskule kan vere eit vendepunkt i livet. For nokre handlar det om å utvikle interesser og få nye vener. For andre handlar det om å finne motivasjon, oppleve meistring og finne retning vidare i livet.
Folkehøgskulane gjev unge menneske høve til å utvikle seg utan karakterpress. Dei byggjer fellesskap, sjølvtillit og livskompetanse. For ungdom som har hatt ei krevjande skuletid, kan eit slikt år vere særleg viktig.
Difor uroar det oss når økonomi kan bli ei hindring for å velje folkehøgskule.
Dersom ein større del av studiestøtta må betalast tilbake som lån, blir det dyrare å gå på folkehøgskule. For unge med foreldre som har god råd, er det kanskje handterleg. For andre kan det vere nok til at dei må leggje draumen til side.
Skal økonomien til familien avgjere kva moglegheiter ungdommen får?
I Partiet Sentrum meiner vi at alle menneske har same verdi, og at alle skal ha reelle moglegheiter til å delta i samfunnet. Vi veit at unge menneske har ulike behov, interesser og føresetnader. Difor treng vi fleire vegar til meistring, utdanning og arbeid – ikkje færre.
Dette er viktig også i Vestland og Sogn og Fjordane. Folkehøgskulane er ein del av mangfaldet i utdanningstilbodet vårt og bidreg til læring, fellesskap og personleg utvikling. Vi må ta vare på desse moglegheitene, ikkje gjere dei mindre tilgjengelege.
Partiet Sentrum Vestland meiner at stipenddelen av studiestøtta må vidareførast på 40 prosent, og at folkehøgskulane må få føreseielege rammer for drifta si. Vi må òg sikre at unge med behov for særskild tilrettelegging får reell tilgang til tilboda.
Å førebyggje utanforskap og investere i unge menneske er ei investering i heile samfunnet. Vi har ikkje råd til å stengje dører for ungdom som treng ein annan veg vidare.
Folkehøgskulen skal vere ei moglegheit for alle – ikkje eit privilegium for dei få.
Audun Mundal, fylkesleiar i Partiet Sentrum Vestland