- Kvar enkelt bør tenkje over kva ein treng
- Det er viktig at innbyggjarane veit kvar dei skal vende seg og få hjelp om kommunikasjonsmåtar blir vekke og naudnummera 110, 112 og 113 ikkje verkar, seier brann- og beredskapssjef Kjell Aske i Gloppen kommune.
Vi er inne i Eigenberedskapsveka, som kvart år sidan 2019 er blitt arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB, i tett samarbeid med statsforvaltarar, kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet.
Tema for Eigenberedskapsveka 2026 er krisekommunikasjon ved bortfall av elektronisk kommunikasjon.
Kontaktpunkt
- Vi har tre kontaktpunkt i Gloppen for folk som treng hjelp når telefon og andre elektroniske kommunikasjonsformer ikkje fungerer, fortel Kjell Aske.
Dei som bur på Sandane og i området rundt Gloppefjorden kan få hjelp på Gloppen omsorgssenter.
- Her vil ein finne legevakt og anna helsepersonell, ambulanse og representantar for naudetatane. I Breim er Breim skule kontaktpunkt, medan Hyen brannstasjon er kontaktpunkt for hyarane, seier Aske og legg til at det er viktig at publikum veit kvar det er hjelp å få om ein kjem i ein alvorleg situasjon og kommunikasjonsformene ein tradisjonelt nyttar er ute av funksjon.
Han opplyser at NRK P1 blir hovudkjelda til informasjon til innbyggjarane i Noreg ved ein krisesituasjon, og at det såleis er viktig å ha batteriradio tilgjengeleg. I Gloppen har mange jaktradio, og Jaktkanal 1 er definert som alternativ kommunikasjonsmoglegheit.
- Må tenkje over kva ein treng
Med den urolege geopolitiske situasjonen som bakteppe, er beredskap og eigenberedskap blitt aktualisert også i det vi nordmenn likar å sjå på som eit fredeleg verdshjørne.
Ein kan kome i ein situasjon der kvar og ein i stor grad må vere i stand til å ta vare på seg sjølv og ha tilgang til det ein treng. DSB tilrår at ein er rusta til å klare seg sjølv i sju dagar under ein krisesitusasjon.
- Kvar enkelt må sjå på sin eigen situasjon og tenkje over kva dei treng av vatn, mat og varme. Har ein ansvar for born eller eldre, må ein ta høgde for det. Det er lett å tenkje at nokon vil kome og ordne opp for deg ved ei krise, men det skjer ikkje. Då har kommunen meir enn nok med å ta seg av dei svakaste av dei svake. Folk må tenkje at dei skal vere ein ressurs framfor ei belastning, understrekar Kjell Aske.
- Byrjar å sive inn
Han tilrår på det sterkaste at innbyggjarane vurderer korleis ein er budd på ein krisesituasjon, allierer seg med familie og vener og veit kva ein har kring seg og kan spele på, og kva ressurs ein sjølv kan vere overfor andre viss det knip seg til.
- Kor bevisste er innbyggjarane i Gloppen på eigenberedskap?
- Det er nok både òg, men eg trur det byrjar å sive inn, seier Kjell Aske og legg ikkje skjul på at mange av dei som bur i våre område nok tenkjer at dei ikkje er mellom dei som blir først råka om ein akutt situasjon skulle oppstå, og at ein framleis vil ha god tilgang på mellom anna vatn.
Her kan du lese meir om kva du gjer viss mobilnett og internett sviktar, få gode råd og teste kor godt førebudd du er.
Her finn du oversikt over kva du bør ha i ditt eige beredskapslager.