Hovudrolleinnehavarane i «Markens Grøde» poserer framfor Ormelid gard.

Riksantikvaren hyllar bruken av freda gard i storfilm

Storfilmen «Markens grøde» har premiere komande helg. Riksantikvaren hyllar bruken av den freda Ormelid gard i Luster i filminnspelinga.

Publisert
Høgdegarden Ormelid i Luster i Sogn fekk tilskot til istandsetjing og vedlikehald av kulturlandskapet i 2025.

- «Markens grøde» gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Store delar av filmen vart spelt inn på den freda fjellgarden Ormelid i Luster i Sogn.

– Det er veldig flott at ein av Noregs mest særeigne fjellgardar no får ei hovudrolle på filmlerretet. Kulturminne får ekstra verdi når dei blir oppdaga, brukte og opplevd av fleire. «Markens grøde» gjer at denne fantastiske plassen vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Ormelid vart freda av Riksantikvaren i 2011. Garden ligg 450 meter over havet og er rik på biologiske og kulturhistoriske verdiar. Tunet og innmarka er difor ein del av Utvalde kulturlandskap i landbruket (UKL).

Riksantikvar Hanna Geiran.

Høgdegarden har dei siste åra fått fleire tilskot frå Riksantikvaren til istandsetjing av bygningane og vedlikehald av kulturlandskapet, gjennom tilskotsordninga for freda kulturminne i privat eige.

– Riksantikvarens mantra er at bruk er det beste vernet. Ormelid har busetjingshistorie og jordbruksdrift 4000 år tilbake i tid. Det er fantastisk at eit freda kulturminne som dette også kan brukast til moderne kulturformidling, og kanskje ende opp i Hollywood, seier Geiran.

Filmen, som er basert på Knut Hamsuns bok med same namn, har premieredato 30. oktober.

Regissør Hans Petter Moland sa dette om valet av Ormelid då innspelinga byrja i fjor:

– Filmteamet har leita i fleire år etter ein stad som kunne bere Sellanraa på film. Å finne ein riktig stad har vore heilt avgjerande for å kunne fortelje historia. (©NPK)

Powered by Labrador CMS