Lærarar i Bergen og på Firda: – Vi reagerer svært sterkt på kuttforslaget
– Det er ikkje lenge sidan sist. Dette er trasig, og vi kjenner på at vi igjen må ta kampen for dans og drama på Firda. Med den geografien fylket vårt har er det stort behov for å behalde desse linjene, seier Camilla Romslo og Rolf Eriksen.
Romslo er danselærar ved Langhaugen videregående skole i Bergen, og Rolf Eriksen er lektor i drama ved Fyllingsdalen videregående skole. Fredag var dei tilsette ved danse- og dramaseksjonane i fylket samla til planleggingsdag og nettverkssamling på Sandane.
Både Romslo og Eriksen sit i Norsk fagråd for musikk, dans og drama. Romslo er nestleiar, medan Eriksen er styremedlem.
– Dette er utfordrande og trist for dei som jobbar på Firda, men i tillegg er dette ei viktig sak nasjonalt sett. Har ein vakse opp i distriktet, bidreg ein med heilt andre kvalitetar enn om ein har vakse opp i byen. Kulturfaga treng mangfaldet, seier dei to.
– Sjokk og vantru
Eriksen viser til at dei tilsette ved dei vidaregåande skulane i fylket nyleg var samla til eit felles møte, der fylkesdirektøren understreka at Vestland er eit spesielt fylke og at det er veldig viktig å behalde den desentraliserte skulestrukturen.
– Difor reagerte eg med sjokk og vantru då forslaget om å leggje ned dans og drama på Firda kom på bordet igjen. Eg tykkjer det er underleg at ein vil nedprioritere desse tilboda. Eg har vore sensor for dramaelevar på Firda fleire gonger, og veit at dei leverer høg kunstnarleg kvalitet, seier han.
Om tre år vil det kome ei ny reform for vidaregåande opplæring.
– Her tek ein faktisk utgangspunkt i den strukturen som musikk, dans og drama har. Då er det spesielt å kome med forslag om nedlegging på Firda. I tillegg held fylkeskommunen på å bruke mykje pengar på å pusse opp og leggje til rette for desse faga, seier han.
– Får mykje tilbake
Eriksen og Romslo har stått på Firda si side i tidlegare kampar.
– Vi kjenner på at vi jamleg står på barrikadane og at kunstfeltet møter mykje motstand. Etter mitt syn er det rart at ein vil kutte ute i distrikta. Kulturlivet er ein del av den norske beredskapen og er inkludert i den nasjonale beredskapsplanen, seier Romslo.
– Er det lett for å peike på kunstfaga når pengar skal sparast?
– På kort sikt sparer ein kanskje nokre kroner, men når ein tenkjer på kva desse utdanningstilboda gjev igjen, er det ikkje smart å kutte dette tilbodet. Sintef har gjennomført ei stor undersøking som viser at lokalsamfunnet fekk svært mykje tilbake frå elevar som hadde gått musikk, dans og drama i Trøndelag. Elevane får noko med seg som gjer dei svært ressurssterke. Fylkesdirektøren vil kanskje påpeike låge søkjartal til dans og drama, men det blir ein sjølvoppfyllande profeti når ein kjem med nedleggingsforslag gong på gong. Hadde dei sagt at vi skal satse på kulturfaga på Sandane, ville søkjartala sikkert auke, seier Eriksen.
– Får viktige evner
I Vestland fylke er det berre Firda og Fyllingsdalen som har drama, medan både Firda og Langhaugen har musikk og dans.
– Ser vi til Rogaland, har dei langt fleire elevplassar innan kulturfaga enn det vi har. Ut frå nedslagsfeltet vårt burde vi eigentleg hatt fleire elevplassar – ikkje mindre, meiner dei.
Dei peikar på evner som er viktige for framtida: samarbeid, det å sjå kvarandre, nå mål, det å kunne opptre og leggje fram noko på ein god måte.
– Dette er noko mange ungdomar slit med i dag, men det er meir eller mindre læreplanen til musikk, dans og drama, poengterer dei.
– Dette er kjempetrist
Camilla Skrede Johannessen er avdelingsleiar for dans ved Langhaugen videregående skole i Bergen.
– Kva tenkjer du om kuttforslaget?
– Eg tykkjer det er kjempetrist, og har lyst til å utdjupe noko av det Rolf var inne på – med den nye reforma. Vi som er inne i faga, ser at den nye reforma byggjer på vår struktur. Det er òg svært tydeleg at den strukturen vi har innan musikk, dans og drama medfører at elevane blir i skulen og ikkje fell utanfor. Fram mot 2030 når denne reforma skal ta til å gjelde, trur eg dei treng oss som har jobba i denne strukturen lenge for å gje råd inn til andre fagretningar, seier ho.
Ho viser til Vestland er eit stort fylke.
– I tillegg er det spesielt på grunn av geografien. Vi må ta omsyn til det, og kanskje få tilført noko meir midlar til å drive vidaregåande opplæring. I Trøndelag har dei tre-fire skular med musikk, dans og drama rundt Trondheim. Det er veldig rart at Vestland, med den nest største byen i Noreg, har så få elevplassar. Vi i Bergen reagerer sterkt på at fagmiljøet i fylket blir føreslått redusert, seier Johannessen.
– Viktige tilbod for skulen
Åshild Lerpold er éin av danselærarane på Firda vidaregåande skule.
– Dans og drama er svært viktige tilbod ved skulen, og forslaget om å leggje ned desse tilboda opplevast nærast uverkeleg. Vi har ikkje fått ro til å kome oss over førre runde med kuttforslag, så dette kjem litt overrumplande på oss, seier ho.
Ho understrekar at det er viktig for elevar i vårt område å ha høve til å velje desse utdanningstilboda – på lik linje med elevar i Bergen.
– Mange elevar kjenner på at det å begynne på dans eller drama er som å kome heim for dei. Her finn dei eit språk som dei kan uttrykkje seg på. Det vil vere svært synd om tilboda blir kutta, slår ho fast.
– Heng ikkje på greip
Det meiner også Gunn Tone Moen, dramalærar på Firda.
– Eg er oppgitt, trist og litt opptrekt over at vi må gjennom dette nok ein gong, og at vi ikkje får ro til å drive med rekruttering, seier ho, og legg til at dei tilsette er opptekne av å rekruttere elevar til skulen.
– Det er ikkje gjort på éin-to-tre med så mykje negativ omtale. Fylkeskommunen må gje oss litt tid. Og så lurer eg på om dette kuttforslaget er eit steg på vegen mot å byggje ned Firda som skule. Misser vi dans og drama, forsvinn ei heil klasse. Det går ikkje berre ut over oss som underviser på dans og drama, men også allmennfaglærarar. Det er 13 år sidan vi mista medium- og kommunikasjon og helse- og sosialfag, seier ho, og minner om at skulen har vore gjennom nokre harde nedskjeringsrundar før.
At skulen no blir rusta opp med ny dramasal, garderobar og kostymelager, heng ikkje heilt på greip når det gjeld pengebruk dersom dans og drama blir lagt ned.
– Ombygginga av Aulaen er kostnadsrekna til 50 millionar kroner, fortel ho.