Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland inviterer til nasjonal sykkeldugnad for å forhindre ulykker. Foto: Cornelius Poppe/NTB/NPK.

Statens vegvesen vurderer å senke fartsgrensa for å redusere tal sykkelulykker

Statens vegvesen vurderer strakstiltak for å betre sikkerheita for syklistar. Mellom anna kan fartsgrensa bli redusert på populære treningsvegar.

Publisert

Ti syklistar har mista livet i ulykker hittil i år.

– Vi kan ikkje sitje stille og sjå på denne utviklinga. Mange syklistar opplever møtet med biltrafikken som utrygg. Det må vi ta på største alvor, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i ei pressemelding onsdag.

Vegvesenet opplyser at dei vil sjå på tiltak som kan gi kjappare resultat enn nye reglar og lovendringar.

Eitt av tiltaka som blir vurderte, er å redusere fartsgrensa frå 80 til 60 km/t på populære treningsvegar for syklistar.

No ønskjer Vegvesenet hjelp utanfrå.

– Skal vi lykkast, treng vi ein nasjonal dugnad for tryggare sykling. Vi inviterer alle som har kunnskap, erfaring eller eit ansvar i trafikken til å bidra. Ingen sit aleine på løysingane, seier Hovland.

Samtidig er ho klar på at det ikkje er mogleg å regulere seg ut av alle utfordringar.

– Bilistar må vise omsyn når dei passerer syklistar, og syklistar må opptre føreseieleg og ta ansvar for eigen ferdsel. Tryggare sykling er eit felles ansvar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS