Stardalen sommarkafé treng hjelp: - Fin moglegheit for den rette personen
Likar du å lage mat og har lyst å drive kafé for ein sommar? Då er Stardalen sommarkafé plassen for deg.
- Vi leiter etter nokon som har engasjement og skaparlyst. For den rette personen er dette ei fin moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass.
Det seier Helene Westervik Dvergsdal og Alf Fonn.
Dugnadskaféen
Dei to sit i styret for Stardalen Bygdetun, som rommar både kafè og barnehage i bygda under breen.
Bygget som ligg om lag halvvegs inn i den langstrekte dalen, er hjartet i bygda, og den populære sommarkaféen er blitt driven på dugnad sidan oppstarten i 1995.
Ei av dei som har trakka ekstra mange skritt på kjøkenet der, er Marit Flatjord. Saman med ein flittig gjeng med unge sommarhjelper drog pensjonisten endå ein gong i land sommarsesongen i fjor, med ope kvar dag i heile skuleferien.
- No har Marit lyst til å trappe ned og ikkje minst å kunne ha litt fri på sommaren, noko som vi har full forståing for. Difor ser vi etter nokon som kan ta på seg hovudansvaret med å drifte kaféen, seier Dvergsdal.
Snakke fram
Primært leitar dei etter nokon frå midten av juni til slutten av august, men styret opnar for å utvide til resten av året òg.
- Om sommaren blir det ein fulltidsjobb, men resten av året er det berre behov for deltid. Om det er av interesse, er det noko vi kan sjå nærare på, seier Fonn.
Arbeidsoppgåvene er ifølgje styremedlemene varierte, men kunnskap om matlaging og eit hjarte for service er viktige eigenskapar.
- Vi bur i ein dal med bre, fjell og flott natur rundt oss, så det vi håpar er at den rette personen kan vere med på å snakke fram Stardalen og lokalmiljøet, seier Dvergsdal og får støtte frå styreleiaren.
- Vi har lyst å finne nokon som verkeleg brenn for kafédrifta og dalen her.
Gå i lære
Planlagd oppstart er i juni, men om nokon vil starte før, er døra til sommarkaféen open.
- Det er berre supert om ein kan vere med ei stund før sesongen startar. Den som skal ta over må uansett gå i lære hos Marit for å klare å setje seg inn i alt, smiler dei.
Dei har allereie fått inn fleire søknader, men har ikkje tenkt å setje strek enno.
- Vi håpar å kome i gang med intervju før påske, så får vi sjå kva vi landar på. Det hadde vore supert om kandidaten kunne vore med på nokre av konfirmasjonane vi har i mai, seier Dvergsdal.