I dag gjeld hjelmpåbodet berre ATV registrert som moped eller motorsykkel.

Påbode med hjelm for alle på ATV

Regjeringa innfører hjelmpåbod for ATV registrert som traktor og andre traktorar utan førarvern som kan køyre over 30 kilometer i timen.

Publisert

Dei aller fleste ATV-ane i Noreg er i dag registrerte som traktor.

Påbodet gjeld både på offentleg og privat veg og gjeld frå 1. januar 2027, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

– På ein ATV sit du heilt ubeskytta om du krasjar. Hjelm kan ha mykje å seie for kor alvorleg ei ulykke blir. Dei siste fem åra har heile 251 personar vorte skadde eller har omkomme i ATV-ulykker. Det må vi gjere noko med, og derfor innfører vi no eit påbod om hjelm, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Ni av ti av desse ulykkene skjedde på ATV-ar registrerte som traktor. Nesten fire av ti som vart skadde eller drepne, var berre 16 eller 17 år.

– Blant ATV-ulykkene i perioden 2020–2025 vart 58 menneske hardt skadde og ni personar mista livet. Det er for mange. Ap-regjeringa vil gjere alt i si makt for at så mange som mogleg kjem trygt heim igjen, seier Gunaratnam. (©NPK)

Powered by Labrador CMS