Illustrasjon Stad skipstunnel: Kystverket.

Skipstunnelen vil koste 8,6 milliardar

Nytt kostnadsanslag for Stad skipstunnel er 8,6 milliardar kroner, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

Publisert Sist oppdatert

Departementet har motteke oppdaterte kostnadsanslag frå Kystverket for Stad skipstunnel. 

Kystverket tilrår ei kostnadsramme på 8,6 milliardar kroner for prosjektet.

Over kostnadsramma

– Kostnadsanslaget er framleis godt over det Stortinget har vedtatt, sjølv om det er blitt noko lågare enn fjorårets anslag på 9,4 milliardar. Det viser at prosjektet ikkje kan gjennomførast innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, kommenterer fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding. 

Stortinget har vedteke ei prisjustert kostnadsramme på 5,4 milliarder kroner for bygging av Stad skipstunnel, men regjeringa stansa arbeidet med skipstunnelen i forslaget til statsbudsjett for 2026. 

Dette fordi prosjektet ikkje kan gjennomførast innan kostnadsramma som Stortinget har vedeke, og fordi dei meiner nytta ikkje forsvarar dei høge kostnadene.

Tilbake til Stortinget

I samband med trontaledebatten bad stortingsfleirtalet regjeringa sikre at Kystverket fullfører forhandlingene for å avklare endeleg pris og identifisere kostnadsreduserande tiltak.

Det er dette Kystverket no har gjort, og regjeringa vil gå gjennom rapporten og kome tilbake til Stortinget.

Powered by Labrador CMS