Skipstunnel ved Stad blir foreslått skrinlagt – igjen
Endå ein gong foreslår regjeringa å setje spikaren i kista for den omstridde skipstunnelen ved Stad når dei i dag legg fram revidert nasjonalbudsjett.
Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg (begge Ap) seier til Aftenposten at det er sett av 0 kroner til skipstunnelen i forslaget til revidert nasjonalbudsjett.
Stortinget vedtok bygging av tunnelen i 2021 med forventningar om at prisen ikkje burde passere 5 milliardar kroner. Det nyaste anslaget frå Kystverket er på 8,6 milliardar kroner.
Tunnelen skulle gjere det sikrare å passere det vêrutsette farvatnet utanfor Stad, men statsrådane varslar no at dei heller vil bruke pengane på anna.
– Vi har teke ein ny runde for å sjå kva tilboda kunne bli. Det ligg minimum tre milliardar over kostnadsramma som Stortinget har vedteke, og det er før prosjektet har byrja. Prosjektet blir for dyrt, og derfor set vi no ein sluttstrek for det, seier Støre.
Regjeringa foreslo det same i statsbudsjettet i haust, men vart då køyrt over av Stortinget. (©NPK)