Regjeringa vil gjere det obligatorisk å registrere alle fritidsbåtar
Regjeringa vil innføre obligatorisk registrering av fritidsbåtar. Formålet er å gjere det enklare å ansvarleggjere dei som forureinar og styrke tryggleiken til sjøs.
Regjeringa set i gang arbeidet med å innføre obligatorisk registrering av fritidsfartøy. Sjøfartsdirektoratet får i oppdrag å utarbeide forslag til lov- og forskriftsendringar.
– Vi går no frå utgreiing til handling. Altfor mange båtar manglar i dag registrering, noko som svekkjer både tryggleiken til sjøs og moglegheita til å halde eigarar ansvarlege, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Bakgrunnen er utfordringar knytte til manglande oversikt over eigarskap, forsøpling og ulovleg dumping av båtar.
– Kvart år blir tusenvis av båtar dumpa i norsk natur. Med ei obligatorisk registreringsordning gjer vi det enklare å stille forureinar til ansvar og verne fjordane og havområda våre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Registreringsplikta skal forankrast i småbåtlova. Sjøfartsdirektoratet skal levere forslag til høyringsnotat innan 30. november 2026. (©NPK)