Raudt fjerde største parti i ny måling
Det hadde vorte borgarleg fleirtal i Stortinget om valet hadde vore i dag, kjem det fram i ei ny meiningsmåling. Raudt gjer det derimot bra i målinga
Målinga er gjennomført av Respons Analyse på vegner av VG og Aftenposten.
Partiet som har størst grunn til å jubla av målinga er Raudt. Dei er nemleg nesten oppe i 8 prosent oppslutning, ein oppgang på 2,5 prosentpoeng sidan stortingsvalet.
– Dette er veldig hyggjelege tilbakemeldingar. Og no kan me slå fast at Raudt held fram med å gå fram etter valet. Det synest eg er veldig stas, fordi no har me for første gong fått høve til å vise kva Raudt vil bruke makt på, seier Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen til VG om meiningsmålinga.
SV, som tidlegare har vore det største partiet til venstre for Arbeidarpartiet, er no nede i 4,5 prosent oppslutning. Berre 57 prosent av dei som stemde på SV ved stortingsvalet svarte at dei ville gjere det igjen, ifølgje målinga.
Det hadde ifølgje meiningsmålinga vorte borgarleg fleirtal i Stortinget.
På den borgarlege denne sida har Høgre størst oppgang i oppslutning, med ein oppgang på 3,3 prosentpoeng sidan valet.
Oppslutninga til partia hos Respons er som følgjer: Raudt: 7,8 (+1,5), SV: 4,5 (-1,0), Ap: 24,9 (-0,3), Sp: 5,2 (+0,5), MDG: 3,4 (-0,5), KrF: 3,5 (0,0), Venstre: 3,9 (+0,7), Høgre: 18,0 (+0,6), Frp: 26,1 (-1,8), Andre: 2,6 (+0,4).
Målinga er samanlikna med siste måling og har ein samla feilmargin på 3,1 prosentpoeng. (©NPK)