Det kan vere lurt å ha bunadssølv og bunad i handbagasjen dersom du skal reise med fly før nasjonaldagen.

Rår folk til å passe ekstra godt på bunaden

Etter ein kraftig auke i skadar og tjuveri av bunader dei siste åra, blir folk oppmoda til å særleg å vere ekstra varsame når dei reiser med bunad før 17-mai-feiringa.

Publisert Sist oppdatert

I fjor registrerte forsikringsselskapet Tryg over 50 prosent fleire saker knytte til bunad og bunadssølv enn året før. Særleg ved flyreiser blir folk råda til å ha bunadssølv og andre verdisaker i handbagasjen, skriv forsikringsselskapet i ei pressemelding.

Ifølgje Tryg har bunader og sølv blitt langt meir verdifulle dei siste åra. Ein komplett bunad med sølv, sko og tilbehøyr kan no koste meir enn 100.000 kroner. Samstundes har sølvprisen stige kraftig, noko som gjer bunadssølvet meir attraktivt for tjuvar. Forsikringsselskapet meiner mange no eig bunader som er verd meir enn det vanlege reiseforsikringar dekkjer.

– Sender du bunaden som innsjekka bagasje er det alltid ein risiko, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg, i meldinga. (©NPK)

Powered by Labrador CMS