PST åtvarar om etterretning mot hamner og infrastruktur. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB / NPK

PST ber folk langs kysten vere meir årvakne

Politiets tryggingsteneste (PST) registrerer auka interesse frå Russland og Kina for Arktis og norske kyst- og havområde, og ber folk vere merksame på mistenkeleg aktivitet.

Publisert

Ifølgje PST er norske hamner, kommunikasjonskablar og olje- og gassrøyr blant infrastrukturen som blir kartlagd, skriv NRK.

– Det kan både vere for ei generell kartlegging og for ei eventuell førebuing til potensielle sabotasjeaksjonar, seier fagdirektør i PST, Jon Fitje Hoffmann til NRK.

Kystverket seier dei kjenner att situasjonsbiletet og har registrert ein markant auke i innmeld aktivitet, hovudsakleg knytt til digitale hendingar. Det er også registrert skjult maritim etterretningsaktivitet.

PST ber folk melde frå til politiet eller PST dersom dei ser aktivitet, personar eller fartøy som skil seg frå det normale. (©NPK)

Powered by Labrador CMS