Ordførar i Osterøy, Lars Fjeldstad (Sp), vil senda oppropet til Stortinget fredag.

Nesten 100 ordførarar har signert dieselprotest

Heile 99 ordførarar har signert eit opprop for å gjeninnføra det mellombelse avgiftskuttet på drivstoff. Ordførarar frå fleire parti i heile landet har signert oppropet.

Publisert
Prisen for éin liter diesel låg på 30,74 kroner på Uno X på Slependen 18.september.

– Vi bør klara å passera 100 før vi sender det i morgon, seier Senterparti-ordførar Lars Fjeldstad til Nationen.

Det var Fjeldstad som tok initiativet til oppropet, som skal sendast til dei parlamentariske leiarane for partia på Stortinget fredag.

Dei 99 ordførarane representerer i alt sju ulike parti i 13 fylke. 71 av underskriftene er Senterparti-ordførarar, men fleire av dei største partia er også representerte gjennom ordførarar. Desse er Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Raudt, Høgre og Arbeidarpartiet. (©NPK)

Powered by Labrador CMS