Det blir mest sannsynleg ein mild vinter, ifølgje sesongvarselet.

Slik spår meteorologane at vinteren blir

Store delar av landet vil mest truleg få mildare vêr i desember, januar og februar samla enn vanleg. På Sørvestlandet er det dessutan venta våtare vêr enn normalt for vinteren.

Publisert Sist oppdatert

– Det er størst sannsyn for at det blir ein mild sesong, men sjansane for at det blir kaldt er høgare enn den har vore dei siste åra, særleg i Sør-Noreg, skriv Meteorologisk institutt i sesongvarselet for kommande vinter.

Sjansane for ein mild vinter ligg mellom 50–60 prosent.

Når det gjeld nedbørssituasjonen, er det meir usikkert.

På Austlandet og i Agder blir det rekna som 45 prosent sannsynleg at det blir meir nedbør enn det pleier, og 30 prosent sjanse for at det blir som normalt.

På Vestlandet og i Trøndelag er det ei lita sannsynsovervekt for ein tørr sesong, med 40 prosent, og 30 prosent moglegheit for at det blir som normalt.

I Nordland, Troms og Finnmark er sjansane for meir nedbør enn normalt omtrent på nivå med sjansane for mindre enn normalt. (©NPK)

Powered by Labrador CMS