Kunnskapsministeren meiner det er for låg terskel for å la skulebarn vere heime
Ungane bør gå på skulen med mindre dei har feber, oppkast eller diaré, meiner kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), som vil stramme inn fråværet.
Nessa Nordtun meiner auka fråvær heng saman med haldningar. No vender ho seg direkte til foreldra for å stramme folk opp: Barn bør gå på skulen.
– Med mindre dei har feber, oppkast eller diaré, og andre openberre unntak, seier kunnskapsministeren til NRK.
Bakgrunnen er at skulefråværet aukar på alle trinn. Det kom fram i ein rapport frå Utdanningsdirektoratet frå mars i år.
– Det kjem av generelt både endra haldningar til nærvær på skule, men også ein auke i utfordringar blant barn og unge, seier Nessa Nordtun
Før sommaren skal regjeringa leggje fram nasjonale faglege retningslinjer for å førebyggje og følgje opp skulefråvær. Desse blir så sende på høyring.
Ståle Sand Kalkvik, utvalsleiar for Foreldreutvalet for grunnopplæringa, seier det ikkje handlar om vilje, men medvit hos foreldre. Han er bekymra for at fråvær blir teke opp for seint og at problemet har vakse seg større.
– Det ligg ikkje i viljen hos foreldra, men løysinga er ei felles innsats og styring frå skulanes side, seier han. (©NPK)