Kakefeiring for nynorskstyrking

– Det er svært gledeleg at SV har fått med seg Ap, Sp og Venstre på å styrkje språklova, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Onsdag stilte Mållaget med kake på Stortinget for å feire innstillinga frå kulturkomiteen.

Publisert Sist oppdatert

– Vi ser no at eit solid fleirtal på Stortinget vil føre offensiv norsk språkpolitikk, og det er viktig for nynorsken at dette fleirtalet har gått saman om å styrkje språklova. Det viktigaste grepet her er at «statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både nynorsk og bokmål i arbeidet», seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

– Dette var eit viktig krav i den gamle mållova, men paragrafen blei svekt i Erna Solbergs språklov frå 2021. No skjerpar fleirtalet kravet til nynorskkompetanse i statsorgana, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Mållaget er også godt nøgd med at fleirtalet på Stortinget vedtek at sentrale statsorgan som skriv til eit regionalt statsorgan, skal nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

Det vil til dømes seie at når Justisdepartementet skriv til Vest politidistrikt, så må dei gjere det på nynorsk.

– Å kommunisere med arbeidstakarar og innbyggjarar på det som er fleirtalsspråket i det aktuelle området, er både respektfullt og naturleg, konkluderer Peder Lofnes Hauge.

Det er fleire parti som ikkje er representerte i kulturkomiteen, Raudt har allereie sagt at dei støttar fleirtalet, og Mållaget vonar også MDG og KrF stemmer for når saka skal opp i Stortinget fredag 6. juni. (©NPK)

Powered by Labrador CMS