Tuva Moflag (Ap) møtte pressa etter drivstoffmøtet torsdag.

Ikkje fleirtal for avgiftskutt på drivstoff – raudgrønt møte blir avlyst

Førebels er det ingenting som tyder på at kutta i drivstoffavgiftene blir vidareførte etter 1. september. Dermed går prisane opp.

Publisert

Dei raudgrøne partia skulle møtast fredag klokka 12 for å diskutere saka vidare, men møtet vart avlyst ein time i forkant.

– Eg har snakka med alle dei raudgrøne partia i føremiddag, og vi er samde om at det ikkje trengst eit møte i dag, seier Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Tuva Moflag til NTB.

Senterpartiet har kravd at dei mellombelse kutta i drivstoffavgiftene skulle forlengjast etter 1. september, og har truga med å gå til dei borgarlege partia dersom dei ikkje fekk med seg budsjettpartnarane på raudgrøn side.

Men torsdag kveld avklarte Høgre tydeleg at dei ikkje ønskjer å vere med på det no.

Dermed vil det heller ikkje vere fleirtal for ei vidareføring av kutta på borgarleg side.

Vil kjempe vidare

Senterpartiet erkjenner i ei pressemelding at dei ikkje får stortingsfleirtalet med seg.

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) erkjenner at slaget er tapt for å føre vidare kutta i drivstoffavgiftene.

Dei skriv at det derfor heller ikkje er grunnlag for nye møte, med mindre Høgre eller Ap snur.

– Sp gjer det vi kan for å sikre lågare avgifter, og viss Høgre skulle skifte standpunkt igjen før avgiftsaukane trør inn før 1. september, vil Sp sikre fleirtal for å halde avgiftene nede, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han avviser likevel at dei har gitt opp kampen, og opplyser til NTB at han er «fullstendig klar» til å ta arbeidet vidare dersom dei andre partia snur.

– Vil ramme næringslivet

Han reagerer sterkt på at prisane på drivstoff ser ut til å gå opp 1. september.

– Auka avgifter vil ramme næringsliv og folk som er avhengige av bilen rundt i Noreg og det er særs uklokt av stortingsfleirtalet å presse det gjennom, seier Senterpartiets partileiar.

Moflag i Arbeidarpartiet opplyser at dei vil halde fram med å ha kontakt med dei raudgrøne budsjettpartnarane på ordinært vis framover.

– Vi hadde eit godt møte i går der vi snakka om situasjonen. Arbeidarpartiet var klar på at det ikkje er ekstraordinært høge prisar no, seier ho.

Raudt: – Viktig at arbeidet ikkje stoppar opp

Før møtet torsdag gjorde Raudt det klart at dei var opne for å forlengje drivstoffkutta.

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen meiner det er viktig at arbeidet for å halde levekostnadene nede held fram.

– For Raudt er det viktig at arbeidet ikkje stoppar opp, seier ho.

– Høgre har no bevist at det berre er fleirtalet til venstre for midten som kan levere løysingar som får ned levekostnadene for folk. (©NPK)

Powered by Labrador CMS