Ho ber regjeringa nytte sjansen til å styrke nynorskkompetansen i lærarutdanninga

Når regjeringa no har starta arbeidet med å gå ned til berre to rammeplanar i lærarutdanningane, ein på norsk og ein på samisk, bør dei nytta sjansen til å styrke kompetansen i nynorsk på alle liner i utdanninga.

Publisert

Det er stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane, Hege Lothe som seier dette i eit utspel til Nynorsk pressekontor. Dette utspelet kjem i samband med det arbeidet regjeringa har starta for å gjera styringa av lærarutdanningane meir overordna.

Dette er ifølgje regjeringas nettside ein del av oppfølginga av fleire strategiar og meldingar, inkludert «Lærarutdanning 2025» og «Styringsmeldinga». «Målet er å gi større fridom og fleksibilitet til utdanningsinstitusjonane, slik at dei kan vidareutvikla utdanningane til det beste for barnehagen og skulen», heiter det i dokumentet.

Ikkje nynorsk

SV-kandidaten peikar på at lærarstudentar som skal undervise og ikkje har norsk i fagkrinsen, ikkje får undervisning i nynorsk i løpet av heile utdanninga.

– Såleis har dei mangelfull nynorskkompetanse når dei seinare skal ut i læraryrket og til dømes undervise i matematikk for nynorskelevar. Her kjem det ein eineståande sjanse til å gjera noko med dette, noko som verkeleg kan gjere ein forskjell, seier Lothe.

Ho meiner at regjeringa må nytte dette høvet til å slå fast ein gong for alle ærar skal ha nynorskkompetanse uansett kvar i landet dei har teke utdanninga eller kva elevar dei seinare skal undervise.

Trygge og betre

– Det ville sikra at nyutdanna lærarar kan kjenne seg meir trygge i og betre i å undervise på nynorsk i andre fag som naturfag, matematikk og samfunnsfag, og det sikrar at alle som skal undervise i norsk får både god nynorsk- og bokmålskompetanse, seier Lothe.

Ho peikar også på at den nye opplæringslova har styrka elevane sin rett til å få undervisning på eige språk i ungdomsskulen, og at det då er ekstra viktig at denne retten vert oppfylt ved at lærarutdanninga får krav om å gje nynorskkompetanse til alle nyutdanna lærarar i både barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. (©NPK)

Powered by Labrador CMS