Klart borgarleg fleirtal på ny partimåling
Dei fire borgarlege partia får heile 92 mandat i ei ny partimåling frå Opinion, som vart tekne opp medan dei raudgrøne streva med å lande eit statsbudsjett.
Frp er det klart største partiet i landet på målinga med ei oppslutning på 26,7 prosent (-0,1), skriv ABC Nyheter og Altinget.
Den store vinnaren på målinga er Venstre, som bykser fram med 2,2 prosentpoeng til 4,7 prosent. På raudgrøn side er det berre Raudt som veks.
– Eg er glad for å sjå at fleire meiner det er viktig med eit liberalt parti i sentrum som kjempar for ei grønare framtid, like moglegheiter for barna våre og som ønskjer å søkje tryggleik saman med resten av Europa, seier Venstre-leiar Guri Melby.
Partimålinga er gjennomført av Opinion på vegner av ABC Nyheter og Altinget i perioden 24. november til 2. desember. 1201 personar har vorte intervjua, 200 av dei 1. og 2. desember. Desse intervjua er altså gjorde etter at budsjettsemja mellom Ap, Sp og Raudt, men utan SV og MDG, vart presentert. Feilmarginen i målinga varierer mellom 1 og 2,8 prosentpoeng.
Oppslutninga til partia er som følgjer: Frp 26,7 (-0,1), Ap 22,2 (-1,7), H 17,8 (0,8), Raudt 6,9 (0,8), Sp 6 (-0,1), SV 5,1 (0), V 4,7 (2,2), KrF 4 (0,5), MDG 3,7 (-1,2), Andre 2,9 (-1,3). (©NPK)