Kan vere lønsamt å sjekke skattemeldinga
Alle skatteoppgjera for inntektsåret 2024 er no sendt ut. Etter å ha sjekka skattemeldinga si, var det 300.000 fleire som fekk pengar til gode på skatten. I tillegg fekk like mange kutta restskatten sin.
– Dette er tal som viser kor viktig det er å sjekke skattemeldinga si. Dei siste åra har stadig fleire logga seg inn for å sjekke tala, og gjort nødvendige endringar. Dette er viktig fordi skattemeldinga er eit utkast og det er du sjølv som har ansvaret for at alle opplysningar er rette og tekne med, seier Regine H Vastvedt, divisjonsdirektør i Skatteetaten, i ei pressemelding.
Då skattemeldingane vart sende ut i mars, låg 2,8 millionar an til å få pengar til gode. I skatteoppgjeret har dette auka til 3,1 millionar, som i gjennomsnitt fekk tilbake 16.600 kroner.
Talet på personar som fekk restskatt fall også etter at folk sjekka skattemeldingane sine.
Då skattemeldinga vart send ut, låg 1,1 millionar an til å få restskatt. I skatteoppgjeret har dette falle til litt under 790.000. I gjennomsnitt måtte desse betale 36.900 kroner i restskatt.
Om du oppdagar feil i skatteoppgjeret, er det ikkje for seint. Du kan sjølv endre skattemeldinga di for dei tre siste inntektsåra, sjølv om leveringsfristen er passert. (©NPK)