Folkehøgskuleelevar beheld 40 prosent stipend
Regjeringa foreslo å kutte stipend til folkehøgskuleelevar frå 40 til 15 prosent. I det endelege budsjettet beheld dei likevel stipendet på 40 prosent.
Det er Folkehøgskolerådet glade for.
– Dette er ein enorm lette og ein stor siger for alle som har kjempa for å bevare ein folkehøgskule for alle. No kan vi halde fram med å tilby alle, uavhengig av økonomisk bakgrunn, eit år prega av fellesskap, utforsking og læringsglede, seier Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet.
Annonse
SV, Senterpartiet, MDG og Raudt, som har forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet, foreslo alle å reversere kutta i dei alternative budsjetta sine.
– Senterpartiet var sterkt imot kuttforslaget frå Arbeidarpartiet. Det skal ikkje vere storleiken på lommeboka til foreldra som avgjer om ungdommar kan ta seg eit år på folkehøgskule eller ikkje, seier Senterpartiets Erling Sande. (©NPK)