Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier han er veldig glad på vegner av norske bilistar etter Sps gjennomslag i budsjettforhandlingane.

Sp sitt gjennomslag i budsjettforhandlingane gir éin liten gratis tank i året

Senterpartiets gjennomslag i budsjettforhandlingane for avgiftsskutt på bensin og diesel gjer at dieselbilister sparer 600 kroner – éin liten tank i året.

Publisert

Eitt av Senterpartiets viktigaste mål i budsjettforhandlingane var få stansa avgiftsauken på bensin og diesel, opplyser P4.

I forslaget til statsbudsjett var det foreslått å auke bensin- og dieselavgiftene med høvesvis 80 og 117,5 øre per liter.

Berekningar frå Opplysningsrådet for veitrafikken og NAF viser at om du køyrer dieselbil, har Senterpartiet spart deg for rundt 600 kroner neste år. Bensinbilister sparer 450 kroner.

Tala er rekna ut frå gjennomsnittleg køyrelengd for personbilar, som var 112.015 km i 2024.

Det betyr at Senterpartiets gjennomslag i praksis svarer til litt under ein gratis tank i året.

Dei 600 kronene betyr mykje, meiner stortingsrepresentant Maren Grøthe for Senterpartiet.

– Det er ei innsparing for mange. Eg trur dette er pengar som er avgjerande for ein del i kvardagen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS