Fleirtalet meiner dei nye kadmium-reglane kan få konsekvensar for norsk løkproduksjon.

Løk-koalisjon på Stortinget vil bremse nye EU-reglar

Sju parti på Stortinget meiner EU sine omstridde reglar for norsk løk ikkje er gryteklare. No går dei saman om å presse regjeringa til utsetjing.

Publisert

Det er Frp, Høgre, SV, Senterpartiet, Raudt, MDG og KrF som i dag fremja eit forslag på Stortinget om å utsetja tidsfristen for nye EU-reglar som kan halvera den norske løkproduksjonen, skriv Nationen.

Partia, som til saman har fleirtal, ber om at dei nye reglane blir utsette til 1. juli 2027. Regjeringa har på si side bede EU om å utsetja fristen til 1. juli 2026.

Dei nye EU-reglane strammar inn på det tillatne nivået av kadmium, som det finst mykje av i jorda i Innlandet, der mykje av norsk løkproduksjon skjer. Kadmium er eit tungmetall som hopar seg opp i kroppen, og som kan gi nyreskadar.

Noreg skal fredag i møte med EU, der det skal avgjerast om dei nye grenseverdiane for kadmium skal innlemmast i EØS-avtalen.

Geir Pollestad, tidlegare landbruksminister og no landbrukspolitisk talsperson i Sp, meiner regjeringa og måten landbruksministeren har handtert saka på, er til å grina av.

– Dette er ei sak som har fleire lag, og det trengst difor meir tid til å vurdera om grenseverdiane skal innførast, og i tilfelle korleis, seier Pollestad. (©NPK)

Powered by Labrador CMS