Pressekonferanse om budsjettsemja natt til onsdag. Frå venstre: Ingrid Liland i MDG, partileiar Marie Sneve Martinussen i Raudt, parlamentarisk leiar i Ap Tonje Brenna, partileiar Kirsti Bergstø i SV og Geir Pollestad i Sp.

Krise hindra – fleirtal for statsbudsjettet

MDG jublar for nasjonalt månadskort og ein oljekommisjon. SV fekk gjennomslag for Palestina-initiativ, men klarte ikkje å få vridd oljefondet slik dei ønskte.

Publisert

Dei fem raudgrøne partia kunne presentera fleirtalssemja om statsbudsjettet for 2026 på ein pressekonferanse i vandrehallen på Stortinget klokka 2 natt til onsdag.

Då hadde partileiarane for Raudt, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne sete på kontoret til Tonje Brenna, Arbeidarpartiets parlamentariske leiar, i fleire timar.

Ap, Sp og Raudt landa etter forhandlingar ein budsjettavtale sist laurdag, etter at MDG hadde trekt seg frå forhandlingane tidlegare same dag. SV var ikkje med på avtalen, og partiet tok til orde for vidare forhandlingar. Etter helga har AP-leiinga vore i nye samtalar med dei raudgrøne partia.

Tala er dei same

Brenna understreka på pressekonferansen at budsjettinnstillinga frå laurdag ligg fast.

– I tillegg har me vorte samde med SV og MDG om forslag som også vil fremjast til finansdebatten på fredag, og som alle dei fem raudgrøne partia vil stilla fleirtalet sitt bak, sa ho i ei pressemelding.

På ein pressekonferanse natt til onsdag understreka ho at nokre tydelege stolpar har lege til grunn for Ap.

– Me skal ha ein ansvarleg pengebruk, og det er uendra uttaksprosess frå oljefondet samanlikna med forslaget frå regjeringa. Det er framleis tilfelle i dag. Tala i budsjettet for 2026 frå helga er ikkje endra, sa Brenna.

SV tapte kampen om oljefondet

Tala i budsjettet for 2026 frå helga er ikkje endra, sa Tonje Brenna, Aps parlamentariske leiar.

– Me har fått på plass viktige ting for Palestina. Regjeringa skal ta initiativ til eit internasjonalt forbod mot import av busetjarvarer. Dette er den spede starten på internasjonale sanksjonar mot Israel, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.

Palestina var ein av SVs kampsaker. Det var også ønsket til partiet om å endra oljefondet. Den tapte partiet.

– Me gjekk inn i forhandlingane med krav om at sparepengane våre ikkje skal vera investerte i folkemord og okkupasjon. Dessverre er motstanden mot dette total i Arbeidarpartiet. Motviljen er så gjennomført at sjølv ørsmå tiltak er heilt umoglege for dei. Dei gjer heller opp det etiske budsjettet sitt med Sylvi Listhaug enn med det raudgrøne laget. Det er berre å beklaga, me har snudd kvar stein og kjempa hardt, men kampen om oljefondet tapte me, seier Bergstø.

Dobbelt så mykje skog blir verna

På den andre sida seier Bergstø at partiet har fått gjennomslag for auka miljøsatsing. Dobbelt så mykje skog skal bli verna, regjeringa blir forplikta til å leggja fram nye tiltak innan mai for å kutta utslepp av klimagassar, og det skal greiast ut noregspris på solkraft, fortel partileiaren.

Ho trekkjer også fram styrking av kommuneøkonomi og velferd.

– Me byggjer vidare på dei to store velferdsreformene SV har kjempa fram i forhandlingar med regjeringa: Gratis SFO og framhaldet på ei tannhelsereform som skal gjera at det ikkje kostar meir å gå til tannlegen enn til fastlegen, seier ho.

MDG: Grønt parti ved forhandlingsbordet 

– For første gong sit eit grønt parti ved forhandlingsbordet. Det er merkbart. Det blir billigare å velja miljøvennleg og tøffare tak i klima- og naturpolitikken. Oljeelefanten i rommet får ikkje lenger stå i fred. Dette statsbudsjettet vil prega Noreg neste år, men også i tiåra framover, seier Ingrid Liland, finanspolitisk talsperson i MDG.

Ho trekkjer fram mellom anna fram noregskortet.

– Me leverer no på vårt viktigaste valløfte: Eit landsdekkjande månadskort for heile Noreg skal innførast frå 2027. Eit noregskort! Allereie frå neste år blir månadskortet 100 kroner billigare i fylke som ønskjer det. Det er starten på ein liten transportrevolusjon i kvardagen til folk flest, seier Liland.

Oljekommisjon

MDG melder også om gjennomslag for å laga ein strategi for norsk oljeindustri.

– Me startar no å skriva det siste kapittelet i norsk oljehistorie og opnar derfor for alle dei eventyra som skal byggja Noreg vidare, seier Liland.

Ein oljekommisjon skal ifølgje MDG skriva denne strategien og bestå av partane i arbeidslivet, fagfolk og miljørørsla – etter modell frå Tysklands kolutfasingskommisjon.

I tillegg blir CO2-avgifta auka på sokkelen, og den blir vidare trappa opp i åra som kjem, ifølgje MDG, noko partia meiner vil gjera at dei mest forureinande og minst lønnsame felta blir fasa ut tidlegare.

MDG viser også til gjennomslag for politikk som nullar ut Senterpartiets bensinpriskutt, og dessutan minstepris på straum frå solceller.

Raudt: No er ventetida endeleg over

– No er ventetida endeleg over. Det er 100 prosent sikkert at Raudts viktige gjennomslag blir norsk røyndom, seier partileiar Marie Sneve Martinussen.

– Det er merkbart at Raudt er med og lagar statsbudsjett, for folk flest, framtida og for Noreg, legg ho til.

Ho viser mellom anna til ei forplikting til å byrja gjennomføringa av ei tannhelsereform.

– Raudt har fått gjennomslag for å auka fribeløpet for uføre, som gjer at uføre som jobbar litt kan behalda meir av trygda si, til 1G, tilsvarande 130.000 kroner. Dette er eit viktig steg i kampen mot Forskjells-Noreg, seier partileiaren.

Sp: Ingen eksperiment rundt oljenæringa

Dette statsbudsjettet vil prega Noreg neste år, men også i tiåra framover, seier Ingrid Liland, finanspolitisk talsperson i MDG.

Budsjettsemja inneber at det ikkje blir nokon eksperiment knytte til oljefondet eller olje- og gassnæringa, slår Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fast.

– Desse er berebjelkar i velferdsstaten som me tek vare på, seier han i ei pressemelding.

Budsjettet sikrar velferdstilbodet for heile landet, slår Vedum fast, og trekkjer fram distriktspolitiske satsingar, mellom anna vidareføring av ordninga med sletting av studielån i distrikta. Han trekkjer også fram gratis ferjer i ei rekkje øysamfunn.

Vedum seier også at avgiftsauken på bensin og diesel er avlyst.

Støre: Både gledeleg og viktig

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) takkar dei andre partileiarane på raudgrøn side for å ha fått til semje om statsbudsjettet for neste år.

– Det har vore gode og konstruktive samtalar med SV og MDG dei siste dagane, og me har komme fram til eit budsjett og ei semje som sikrar tryggleik for økonomien, for folk og for landet, seier Støre i ei fråsegn sendt til NTB.

Han trekkjer også fram grep som sikrar auka innsats for klima og natur – og ein omstillingskommisjon som skal sikra konkurransekrafta i norsk næringsliv.

– For Arbeidarpartiet har det vore avgjerande å landa denne semja innanfor trygge og ansvarlege økonomiske rammer, og på ein måte som sikrar føreseielegheit for olje- og gassnæringa og ansvarleg forvaltning av pensjonsfondet. Eg er glad for at me har vorte samde innanfor desse rammene, seier Støre. (©NPK)

Powered by Labrador CMS