Banos skal ikkje lenger produserast, etter 95 år på marknaden.

Slutt etter 95 år

I september vart det slutt på pålegga Sunda og Nøtte, no skal bananpålegget Banos av butikkhyllene for godt.

Publisert Sist oppdatert

Det stadfestar kommunikasjonssjef i Orkla Foods Norge, Kristoffer Barbøl Vikebak, overfor Dinside.

Bananpålegget Banos har vore å finne på norske frukostbord sidan 1930.

– Banos har hatt ei lita, men lojal kjøpargruppe, og nostalgi er eit viktig stikkord for mange som har vakse opp med produktet. Sjølv om salet har vore lågt og distribusjonen avgrensa, er det utslitne maskiner som er årsaka til at produksjonen no blir stoppa. Det kan ikkje forsvarast å kjøpe nytt utstyr til eit produkt med lågt og søkkande sal, forklarer Vikebak.

Det var emballasje igjen som gjorde det naturleg å la produksjonen halde fram til emballasjen var brukt opp.

I 2024 vart det selt cirka 85.000 boksar med Banos. Til samanlikning blir det selt rundt 6,5 millionar boksar med Nugatti i året. (©NPK)

Powered by Labrador CMS