Gloppar ny næringspolitisk direktør
Har vore konstituert leiar.
Kjartan Almenning frå Sandane blir ny næringspolitisk direktør i Abelia, landsforeininga til NHO for kunnskaps- og teknologiverksemder.
Almenning kjem frå stillinga som leiar for ideell- og velferdspolitikk i den same organisasjonen, og tek over direktørrolla etter ein kort periode som konstituert leiar.
– Eg er svært nøgd med at Kjartan har takka ja til å bli vår nye næringspolitiske direktør. Han har svært god kjennskap til Abelia, NHO og norsk politikk, og har dei siste åra sikra mange viktige politiske gjennombrot for medlemene våre, seier Øystein E. Søreide, administrerande direktør i Abelia, i ei pressemelding.
Almenning har vore leiar for ideell- og velferdspolitikk i Abelia i snart fem år. Han vil inntil vidare framleis ha ansvar for dette segmentet.
– Anten det handlar om utvikling av morgondagens næringsliv, digitalisering, forsking, utdanning, klima eller folkehelse – Abelia sine medlemer arbeider med å løyse store samfunnsutfordringar kvar einaste dag. Eg ser fram til å arbeide for rammevilkår som gjer at dei lukkast, og at vi lukkast i omstillinga til eit digitalt og berekraftig kunnskapssamfunn, seier Kjartan Almenning.
Almenning har tidlegare arbeidd som politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet og i Venstre si stortingsgruppe, og som organisasjonssjef og fungerande generalsekretær i Venstre. Han er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo.