Fylkesordførar Jon Askeland. Arkivfoto..

Fylkesordføraren stiller ikkje til attval

Jon Askeland (62) tek ikkje attval som fylkesordførar i Vestland i 2027. – Nok er nok, seier han til Bergensavisen.

Publisert

Senterpartipolitikaren har vore i rolla sidan samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i 2020, skriv avisa.

Bakgrunnen for valet er eit løfte han har gitt kona.

– Eg held avtalane mine, og denne avtalen var med Jorunn. To periodar på fylket var nok, det har vi vore samde om sidan førre val, seier han.

Askeland var ordførar i Radøy kommune mellom 2007 og 2019. No seier han seg ferdig med politikken.

– Dette er ikkje ein normal eller familievennleg livsførsel. Mengdene reising og møte er heilt enorme. Samtidig er det ei tid for alt. (©NPK)

Powered by Labrador CMS