Gras, busker og plantar som veks inn i vegen hindrar sikt og kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Foto: Gloppen kommune.

- Fjern busker og plantar langs vegen

- Vi oppmodar om å fjerne alt av tre, busker og plantar som heng inn i vegen eller på gangveg/fortau, seier tenesteleiar kommunalteknikk i Gloppen kommune, Kjell Petter Solhaug. 

Publisert Sist oppdatert

Juni er tida for kantslått - eit viktig tiltak for betre trafikktryggleik. Gloppen kommune er godt i gang med å slå langs dei kommunale vegane, og oppmodar no private eigarar om å fjerne sikthindrande vekstar på eigedomane sine. 

Kjell Petter Solhaug er tenesteleiar kommunalteknikk i Gloppen kommune.
Kantslått i Austrheimsbakken denne veka. Foto: Gloppen kommune.

- Kommunen si oppfordring er som eit minimum å fjerne alt av tre, busker og plantar som heng inn i vegen eller på gangveg/fortau, men aller helst i ein avstand inn på eiga tomt, seier Kjell Petter Solhaug. 

Han viser til at kommunen praktiserer at dei har råderett over arealet som ligg 1-1,5 meter utanfor kommunale vegar, sjølv om eigedomar kan gå til midt på vegen. 

- I mange situasjonar vil ein avstand på 1-1,5 meter vere inn i ein hage med blomar og busker. Uansett kor fine desse er, kan dei hindre sikt for mjuke trafikantar og bilistar, slik at det oppstår farlege situasjonar, seier han og held fram:

- Ved å gjere ryddearbeidet sjølv, kan ein få eigedomen sin til å bli slik ein ønskjer. Dersom kommunen må ta dette, blir det gjennomført med grovt utstyr og kanskje ikkje til ønskt resultat. 

Leiaren for kommunalteknikk oppmodar også publikum om å ta omsyn til dei som er ute og gjennomfører kantslått langs vegar, slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar.






Powered by Labrador CMS