Færre studentar i Sogndal
Studenttalet ved Campus Sogndal har falle kraftig dei siste ni åra, og både tilsette og næringsliv meiner utviklinga kan merkast tydeleg i bygda.
Tal frå Høgskulen på Vestlandet syner at campusen har gått frå over 3100 studentar i 2017 til rundt 2330 i inneverande studieår, skriv Sogn Avis. Samstundes studerer mange på deltids- eller nettstudium, noko som fører til at færre studentar faktisk flyttar til Sogndal.
Førsteamanuensis Tore Frimanslund meiner studentmiljøet ikkje lenger set same preg på bygda som før. Han peikar på mindre aktivitet både i sentrum og i friluftsområda rundt Sogndal, og meiner utviklinga heng saman med sentralisering og endra studentpreferansar.
– Det me blei kjende for ein gong i tida, skibygda Sogndal, det appellerer ikkje på same måten lenger, seier Frimanslund til avisa.
Leiar i Sogn Næring, Line Bjelde, seier høgskulen framleis er ein viktig motor for lokalsamfunnet, men understrekar at campusen må tilby noko som skil seg ut frå større studiestader. Ho meiner tettare samarbeid med lokalt arbeidsliv og meir spesialiserte studietilbod kan gjera Sogndal meir attraktiv. (©NPK)