Er imot flytting av legesenteret
Gloppen Pensjonistlag vil engasjere seg i fleire saker framover. Ei av dei er flytting av legesenteret. - Det er vi skeptiske til, seier leiar Ragnar Andenæs.
Gloppen Pensjonistlag har 146 medlemmer der 65 deltok på årsmøtet 19. februar. Samtlege personar som stod på val, tok attval. Leiar Ragnar Andenæs vart vald for to år og stod ikkje på val. Med seg i styret har han Odd Magne Eide, Anne Henden, Atle Nygård og Johan Moldestad.
Samarbeidsutval
I tillegg til Gloppen Pensjonistlag er det også pensjonistlag i Breim og i Hyen. Ragnar Andenæs opplyser at er aktuelt å etablere eit samarbeidsutval med representantar frå alle tre.
- Då kan vi snakke med éi røyst overfor politiske organ og kommuneadministrasjon, seier Andenæs.
På årsmøtet var det semje om å engasjere seg i fleire aktuelle saker. Ei av dei er flytting av legesenteret frå Grandane til eit nytt bygg i området ved Gloppen omsorgssenter.
- Dette er ei sak vi kjem til å ta opp i samarbeidsutvalet, men vi kan alt no seie at flytting av legesenteret er vi skeptiske til, seier Andenæs.
For eldre som kjem med kollektivtransport, er det praktisk med nærleik til t.d. offentlege kontor, legetenester og apotek, peikar Ragnar Andenæs på.
Slutt for Datastova
Pensjonistlaget har vedteke å legge ned Datastova. Slike tilbod vart etablerte over heile landet i eit samarbeid mellom Norges Pensjonistforbund og Seniornett sentralt. Føremålet var å gje eldre opplæring i bruk av moderne teknologi for å takle den digitale kvardagen. Då følgde det med økonomiske midlar til drifta, men det er det slutt på.
Seniornett i Gloppen, som langt på veg tilbyr det same som Datastova, skal førast vidare. Seniornett i Gloppen har eksistert sidan 2011. Styremedlem i Gloppen Pensjonistlag, Odd Eide, er også styremedlem i Seniornett i Noreg.
Gloppen Pensjonistlag vil også ta tak i toalettsituasjonen i Sandane sentrum og sentrum generelt. Også stallane på Øyrane er ei sak dei vil engasjere seg i.
Eit godt lag
Årsmøtet vart gjennomført på ein rask og god måte, ifølgje referatet. I tillegg til det formelle, var leiar i Sogn og Fjordane Pensjonistlag, Nils R. Sandal, invitert for å kome med aktuell informasjon. Han gav også ros til Gloppen Pensjonistlag for god drift.
Ikkje minst var det matøkt og god prat. Årsmøtelyden hadde også glede av å høyre Jon Bjørn Fløtre og broren Mons saman med Bjarne Kleppe underhalde med song og musikk. Det har dei halde på med i 50 år, opplyste Jon Bjørn.
Triveleg var det også då Svein Førde las eigne dikt om daglegliv mange kjenner seg att i.
- Vi har det triveleg i Gloppen Pensjonistlag. Det er litt å gjere, men det er gjevande, og med eit godt lag rundt seg, går det greitt å vere leiar, konstaterer Ragnar Andenæs.
Han har bak seg tre år i dette vervet.