Ekspertar meiner dieselprisane kan stige ytterlegare
Dieselprisane har stige kraftig sidan 1. september. Ekspertar åtvarar om at det no kan bli endå dyrare.
Ein god dieselpris no er rundt 24,50 kroner literen, seier Syver Orhagen i Drivstoffappen til Nettavisen.
Prisauken kjem av både at avgiftene er tilbake på normalt nivå, uro i Midtausten og knappleik på diesel. Dette har ført til ein auke i grossistprisen.
– Eg vil tru at prisen skal meir opp, no som oljeprisen har stige endå meir, seier Orhagen i Drivstoffappen.
Ifølgje Nettavisen nådde grossistprisen på diesel rekordnivå rett før helga. Energianalytikar Thina Saltvedt i Nordea trur ikkje det vil ta lang tid før auka prisar i grossistleddet vil få utslag på prisane for forbrukarane.
– Det vil nok variere litt mellom dei ulike kjedene, mellom anna etter kor mykje som er på lager, men inntrykket er at prisjusteringa kjem ganske fort, seier Saltvedt til Nettavisen. (©NPK)