SANDANEDAGANE 14.-16. AUGUST 2026
Ei heilt spesiell utstilling av styla traktorar og ATV-ar
Mange har vel lagt merke til det siste tida. Mellom ungdom har det vorte ein svært populær sport å stæsje opp traktoren eller ATV-en med all slags lys og pynt.
Dette er noko arrangørane av Sandanedagane har tatt på alvor, dei har rett og slett gjeve desse ungdomane si eiga utstilling – Pimp My Traktor/ATV. Den kan du sjå i Øvregata på laurdag.
Pimp er eit engelsk slanguttrykk som betyr å oppgradere, style eller pynte noko ekstremt.
Det vert med andre ord mykje artig og fint å sjå her. Ungdom mellom 16 og 20 år som er stolt over traktoren eller ATV-en dei køyrer kan delta på utstillinga, her må ein melde seg på på førehand. Det er gratis.
Publikum vil røyste over det dei meiner er den flottaste traktoren og ATV-en, og vinnarane får flotte premiar.