Distriktsopprør mot Høgre sin drivstoffpolitikk
Fleire kommunelag i Høgre ber partiet snu i spørsmålet om drivstoffavgift, melder NRK. Blant dei er Voss Høgre, der nestleiar Sveinung Riber krev at kutta held fram.
Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide har gjort det klart at partiet ikkje vil føre vidare den statlege støtta etter 1. september. Dermed ligg det an til eit prishopp, og det reagerer fleire i Distrikts-Høgre kraftig på.
– Drivstoffstøtta må halde fram etter 1. september. Avgiftene må haldast nede. Dei drivstoffavhengige næringane må bli høyrde. På den måten kan ein også opparbeide handlingsrom til å jobbe vidare med permanente løysingar, seier Sveinung Riber frå Voss til Politisk kvarter torsdag morgon.
Han peikar på at næringslivet i distrikta treng hjelp no, ikkje om tre–fire år.
– Om Høgre skal vinne stemmer i distriktet, må ein ha gode saker og tillit, og distriktet fell ut om ikkje Høgre vel å lytte, seier han vidare.
Han meiner det ikkje hjelpar at leiinga reiser rundt for å høyre på lokale Høgre-folk om dei ikkje tek innover seg det dei seier.
Høgre-leiar Eriksen Søreide held derimot fast ved at kutta må vekk.
– Vi må skilje mellom krise og meir normale situasjonar som det er no, seier ho og bedyrar at ho er oppteken av å lytte.
– Ei av dei tydelege tilbakemeldingane vi har fått, er at Høgre skal vere og er eit parti for både økonomisk ansvarskjensle og for skattelettar som gjer at både folk og bedrifter kan handtere dei svingingane som kjem. Eg opplever ikkje at det er noko opprør i Høgre, men det er sjølvsagd takhøgd for ulike meiningar hos oss, som det er overalt elles. (©NPK)