Ifølgje SpareBank 1 Østlandet får konfirmantar i snitt 28.000 kroner i pengegåver. Ei undersøking frå 2025 viser også at gutar i snitt får nesten 5000 kroner meir enn jenter, mellom anna fordi mange jenter får bunad i gåve.

Dette går konfirmasjonspengane til

Årets konfirmasjonssesong er i gang og dei fleste unge bruker ikkje konfirmasjonspengane på raske kjøp. I staden går pengane til bustadsparing og investeringar.

Publisert

Det iser ei ny undersøking frå Sentio på vegner av Sparebank 1 Østlandet.

Privatøkonom Elisabeth Landsverk synest det er svært gledeleg at nær fire av ti unge mellom 15 og 21 år oppgir at dei set av konfirmasjonspengane til bustadsparing og ein av fire sparer i fond eller aksjar.

Nær fire av ti unge mellom 15 og 21 år oppgir at dei set av konfirmasjonspengane til bustadsparing. Éin av fire sparer i fond eller aksjar. Førarkort er også eit populært val, medan færre bruker pengane på ferie eller gamingutstyr.

– Konfirmasjonspengane er ofte den første ordentleg store summen ungdom får, og då er det heilt fantastisk at så mange prioriterer langsiktig sparing, seier privatøkonom Elisabeth Landsverk i Sparebank 1 Østlandet i ei pressemelding.

Tala viser også forskjellar mellom jenter og gutar. Heile 45 prosent av jentene oppgir at dei sparer til bustad, mot rundt 30 prosent av gutane.

Samtidig viser ei tidlegare undersøking frå 2025 at gutane i snitt får nesten 5000 kroner meir i pengegåver enn jentene. Ifølgje Landsverk kan bunad vere ein del av forklaringa.

– Det er ei fantastisk gåve og eit plagg for livet, men det gjer også at mange jenter startar vaksenlivet med mindre pengar på konto enn gutane, seier ho.

Undersøkinga frå 2025 viste at konfirmantar i snitt får 28.000 kroner i pengegåver. (©NPK)

Landsverk oppmodar til å byggje eigenkapital til bustad tidleg og la pengane vakse over mange år. Grafen viser forventa utvikling for eit enkeltinnskot på 20.000 kroner i eit aksjefond med ein venta gjennomsnittleg årleg avkastning på 6,5 %.
Powered by Labrador CMS