
Brannvernveke i Hyen barnehage: Læring gjennom leik og erfaring
I samband med den nasjonale brannvernveka har barna i Hyen barnehage hatt ei innhaldsrik og lærerik veke med fokus på branntryggleik.

Målet har vore å gje barna kunnskap om kva brann er, korleis vi kan førebyggje brann og kva vi skal gjere dersom det oppstår brann.
Spennande og lærerikt
Veka starta med at førskulegruppa vart invitert til Sandane brannstasjon og Gloppen politistasjon. På brannstasjonen fekk dei prøve å spyle med brannslange, lage vassvegg, vere med på slangevask og bli redda frå krokodiller.

På politistasjonen møtte dei ein “tjuv” som vart tatt til fange og sett i fengsel. Borna fekk vere med på å leite etter fingeravtrykk og setje handjarn på tjuven – noko som var både spennande og lærerikt.
Eit høgdepunkt
Dagen etter fekk vi besøk i barnehagen av det lokale brannvesenet. Det er fleire av foreldra i barnehagen som jobbar som brannkonstablar i Hyen, og denne gongen var det to fedre som kom på besøk. Heile barnehagen fekk vere med og sjå brannbilane på nært hald, høyre sirenene og sitte på i brannbilen. Dette var eit høgdepunkt for mange, og Brannbamsen Bjørnis var sjølvsagt med.

I barnehagen har vi hatt fokus på temaet gjennom samtalar, biletbøker og aktivitetar. Dagane har også vore fylt med livleg rolleleik med brannkonstablar, utrykking, brannsløkking og redningsaksjonar – ein viktig del av barn sin måte å forstå og lære på. Her har barna fått bearbeidd inntrykk og fått ei tydelegare forståing av kva branntryggleik handlar om.
Barna vert tryggare

Brannbamsen Bjørnis er ein populær figur for barna. I barnehagen har vi ein eigen Bjørnis-bamse som får bli med barna heim på besøk, og som minner familien om å sjekke at dei har fungerande røykvarslarar og brannsløkkingsapparat i huset.
Brannøving har vi også hatt der barna fekk øve på å gå raskt og roleg ut når brannalarmen går. Øvinga blei gjennomført i trygge og kjende omgjevnader, og barna tok oppgåva på største alvor. Det var både spennande og lærerikt! Vår erfaring er at barna vert tryggare av å gjennomføre brannøving.

Minnerike opplevingar
Arbeidet med brannvern denne veka er godt forankra i Rammeplanen for barnehagen, som understrekar barnehagen sitt ansvar for å gi barna livsmeistring og innsikt i grunnleggjande samfunnstilhøve. Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal borna få høve til å bli kjend med ulike institusjonar og yrke i samfunnet.



Brannvernveka har gitt barna både kunnskap, meistring og minnerike opplevingar. Vi takkar for eit godt samarbeid med brannvesenet – både lokalt her i Hyen og på Sandane. Borna har fått møte engasjerte og dyktige brann- og politikonstablar, og gjennom førstehandserfaringar fått innsikt i korleis viktige samfunnsinstitusjonar som brannvesen og politi fungerer.